Om Kolbeinsvik Montessoriskule
Kolbeinsvik Montessoriskule er ein privat skule, driven etter Maria Montessori sine pedagogiske prinsipp.
Kolbeinsvik Montessoriskule er ein montessoriskule for 1.-7.trinn i Kolbeinsvik, Austevoll. Skulen er ein leksefri heildagsskule, med aldersblanda grupper.
Skulen vert driven etter læreplan for montessoripedagogikk (godkjent av Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet).
Skulen er open for elevar frå heile Austevoll og Noreg.
Om du vil veta meir om montessoripedagogikk, kan du lesa her, eller gå inn på www.montessorinorge.no
Me tilbyr
- Grunnskule 1.-7.trinn
- Aldersblanda grupper
- Tid til samarbeid, fagleg fordjuping og eige arbeid
- Leksefri skule
- Store og gode undervisningslokale
- Personale med videreutdanning i montessoripedagogikk.
- Variert uteområde og leikeplass
- Fysisk aktivitet med mellom anna gym, symjing, uteskule og friluftsveke
- Skulen har eigen minibuss
- SFO 1.-4.trinn, dersom det er nok påmeldte


