Om Kolbeinsvik Montessoriskule

Kolbeinsvik Montessoriskule er ein privat skule, driven etter Maria Montessori sine pedagogiske prinsipp.

Kolbeinsvik Montessoriskule er ein montessoriskule for 1.-7.trinn i Kolbeinsvik, Austevoll. Skulen er ein leksefri heildagsskule, med aldersblanda grupper.

Skulen vert driven etter læreplan for montessoripedagogikk (godkjent av Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet).

Skulen er open for elevar frå heile Austevoll og Noreg.

Om du vil veta meir om montessoripedagogikk, kan du lesa her, eller gå inn på www.montessorinorge.no

Me tilbyr

  • Grunnskule 1.-7.trinn
  • Aldersblanda grupper
  • Tid til samarbeid, fagleg fordjuping og eige arbeid
  • Leksefri skule
  • Store og gode undervisningslokale
  • Personale med videreutdanning i montessoripedagogikk.
  • Variert uteområde og leikeplass
  • Fysisk aktivitet med mellom anna gym, symjing, uteskule og friluftsveke
  • Skulen har eigen minibuss
  • SFO 1.-4.trinn, dersom det er nok påmeldte
img 1721 dmm r

Bli medlem i foreininga KMS

Medlemskap i foreininga kostar kr 100,– per medl. per år.

Kontonummer: 6504.06.35402

Det er høve til å betale kontingent for fleire år samstundes.

Alle betalande medlemar har stemmerett ved årsmøtet.

Har du spørsmål?

​Me har rask responstid og er alltid ​tilgjengeleg for å svara på dine spørsmål.

Send oss ei henvending via skjemaet, eller ring oss på telefon

947 80 548

kontaktskjema