Kolbeinsvik Montessoriskule er godkjent av Utdanningsdirektoratet til å driva privat grunnskole etter Læreplanen for Montessoriskulen.
Montessoripedagogikk er ein heilskapleg utdanning, og byggjer på eit syn der barnet er i sentrum. På skulen legg me vekt på både den sosiale, emosjonelle, fysiske og intellektuelle utviklinga. Eit av måla våre er at barna skal få ei forståing av korleis alt i verda heng saman, og at me har eit felles ansvar for å ta vare på jorda vår.
Det førebudde miljøet på skulen skal vera tilpassa barna. Orden og estetikk, Montessorimateriell tilpassa elevane sitt utviklingstrinn, varierte arbeidsplassar og plass til rørsle, samarbeid og arbeid for fellesskapet.
På skulen har me to større aldersblanda grupper med elevar. Det er tre-fire årstrinn samla i ei gruppe. På den måten kan elevar hjelpa kvarandre, arbeida på mange ulike nivå samstundes og samstundes utvikla sin sosiale kompetanse med elevar som er både eldre og yngre.
Fridom og ansvar. Barna i montessoriskulen har fridom til å påverka val av aktivitetar, arbeidsplass og rekkefølge av dagens arbeid. Elevane har fridom til å bevega seg fritt i det store arbeidsrommet i dei tre timer lange arbeidsøktene, ta arbeidspauser ved behov og til å variere kven dei samarbeidar med. Denne fridommen må alltid sjåast i samsvar med eleven sitt ansvar. Ansvar for å respektera andre sin fridom, til gruppa sine reglar og dei tydelege rammene og strukturene som er i montessorimiljøet.
Uansett kor i verda du går inn på ein Montessoriskule, så er det noko som er likt. Montessorimateriellet som blir brukt i skulane vart i si tid utvikla av Maria Montessori, og seinare videreutvikla fram til dagens materiell. Melllom anna har matematikk-materiellet ein raud tråd med fargekodar og konkretiseringsmateriell som gjer det lettare for barna å forstå dei matematik. Alle fag og fagområde har sitt montessorimateriell, og desse skal gje elevane øving, nøkler til forståing, klargjera omgrep og samanhengar og stuímulera til vidare arbeid. I tillegg til montessorimateriellet er det masse fagbøker, litteratur, digitale hjelpemiddel tilgjengeleg i arbeidsrommet til elevane.

